Call for papers
Utmarka er i endring. Det har den alltid vore, men dei siste åra har utmarka vore område for særleg to tunge trendar som i spesielt stor grad fører med seg omfattande og konfliktskapande endringar. Den første store trenden er det såkalla multifunksjonelle jordbruket med slagordet frå tida då Lars Sponheim var Landbruksminister om å «ta heile garden sine ressursar i bruk». Dette har vore ein drivande faktor i ei aukande bruk av utmarka som rekreasjonsområde. Turisme var bygdene sitt nye gull, og mange bønder byrja med forskjellige former for turisme og reiseliv knytt til utmarka. Her kan me snakka om ein ny type opplevingsøkonomi og ei ny type komodifisering av utmarka. Med dette lasset følgjer mellom anna dei store hyttebyane, skiløparane, terrengsyklistane og toppturgårane, for å nemne noko. Den andre store trenden i den norske utmarka er det me kan kalla ei tredje industrialiseringsbølgje, eller med eit av samtidas fyn ord, «det grøne skiftet». Medan 1600 og 1700-talet var tida for gruve og skogsdrift, og det tidlege 1900-talet stod i teiknet til den modernistiske vasskrafta, har utmarka no vorte ein arena for vindturbinar, datasenter og ny interesse for gruvedrift – alt saman drive fram av ønske om ei berekraftig utvikling i klima og miljøkrisene si tid. Midt i mellom desse to store trendane må dei tradisjonelle, agrare utmarksbrukarane og den gamle haustings- og jakt-kulturen finna sin plass, medan lokal, regional og nasjonal forvalting skal prøva å handtera alle desse interessene på best mulig vis. Dette skapar utfordringar på mange felt. Me har mellom anna sett korleis vindkraftutbygging kan splitta lokalsamfunn, og me har sett korleis rovdyr-politikk så vel som grunnrenteskatt kan aktivera sentrum-periferi konfliktlinja i norsk politikk. I dette temanummeret av Utmark ønskjer me å analysera og forstå – og kanskje koma med løysingsforslag på desse og relaterte problem som skriv seg frå desse store endringane me no ser i den norske utmarka.
Har du eit bidrag til dette, send oss gjerne manus innan 20.juni 2023 til Marianne.Singsaas@tmforsk.no
Marianne Singsaas og Eirik Magnus Fuglestad