Villdyr, folk og pengar – inntrykk frå den andre internasjonale viltforvaltningskongressen i Ungarn

Forfattere

  • Torstein Storaas

Sammendrag

I 1996 angreip ein ulv i India 76 born, 50 av dei vart drepne. Forskar Jhala konkluderer: i område med meir enn 600 lutfattige menneske per km2, der det ikkje finst ville dyr og der tamdyra vert passa godt på, der kan enkelte ulvar av den indiske underarta byrja å angripa ungar. Då foredragshaldar José Vingada frå Portugal vart spurd om ulv var farleg for folk forsto han derimot ikkje spørsmålet: ingen portugisar hadde kome på tanken at ulv kunne vera farleg. Han hadde ogso forklaringa på at ulven vart utrydda i nord, men overlevde i Portugal: Når de får problem med ulv går de ut og gir dykk ikkje før de har drepe alle. Når me får problem med ulv går me ut, får livet av ein, og so går me på kro og et og drikk godt og tenkjer ikkje meir på ulv før neste gong me får eit stort problem. Kanskje fleire kroer og billegare vin og mat ville vera beste ulveverntiltaket? 

Publisert

2023-03-27

Utgave

Seksjon

##section.default.title##